Heimebaka flatbrød frå Morgedal

119 kr

Ikke på lager, men kan restbestilles

Kategori:
Allergener: Gluten av hvete Melk

Beskrivelse

Flatbrød (Morgedalsbrau), grovt mjøl og godt smør gjer Morgedalsbrauet særs velsmakande. Flatbrødet er laga etter gamal oppskrift og steikt på takke.

Flatbrød har sin faste plass på alle middagsbord og er den eldste formen for brød i Telemark.
Det har vore akta og æra i mange hundre år.
Kvar vår og haust vart det baka store stablar med flatbrød som vart lagra på stabburet. Ei husmor med respekt for seg sjølv, kunne ikkje vera forutan flatbrød.
Ofte var det bakstekjerringar som drog frå gard til gard og baka. Det var litt av ein sjau å ha desse kjerringane på garden.
Mannfolka måtte skaffe spesialved, helst tørr granved som var kløyvd i små skier slik at den passa i kjeleringen.

Flatbrødet frå Skeppa er tildela SPESIALITET merket frå stiftelsen Norsk Mat.

Flatbrød 250g
Grov sammalt kveite, vatn, Kviteseidsmørfløte, salt og sukker.

 

https://www.skreppa.no/